Florø - Fanøy - Stavang
Fredag 23. til Sundag 25. juni 2017
(Veik - Vannfør - Visjonær)

Vyrde Veiking! 
I år kastar Veikingkonvoien loss for 20. gong.  Og med årets slagord "Veik - Vanfør - Visjonær, legg vi kursen speilvent av den fyste konvoien i 1997 og går til Fanøy og Stavang.

Fredag 23.juni: Florø - Fanøy 
Kl 18:00 derg vi ut frå Florøvika, og sette stemnen rett vest mot til Fanøya, der grendalaget tek vel i mot oss.

Laurdag 24.juni: Fanøy - Stavang
Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! og etter å ha tatt solhøgde og kompass kurs dunkar vi oss vidare til Stavang der vi no igjen harfått landlov. Grenda vil by på trubadur festival med mange flinke artister. 

Vi kjem attende med fleire detaljar når det nærmer seg avreise

Generelt:
Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Derfor er det viktig for Veikingkonvoiens eksistens at vi dei sit igjen med noko som gjer det fristande å få oss attende. Derfor handlar du på butikken, kjøper mat og deikke, Betal for dansen. 

Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på kinnet eller ein annan stad. 

Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle. 

Konvoiavgifta  er no på kr. 11,- pr. båt (= A-prioritet brevporto) betalar du på kaia. 
Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-ØKONOMI post!

Hugs å kjøpe T-skjorte !!! Støtt dei veike!!

For Veikingkonvoiens forsatt eksistens er det viktig at verts øyene har noko igjen for alt fantastiske arbeidet dei år etter år bruker for å legge til rette for at vi Veikingar skal ha det bra.

Veiingkonvoien vil oppfordre konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og nærbutikkane på stadane me vitjar har.

Provianten handler du på øya,
kjøp grillmat og drikke .
Kjøpe danse billett .
Vær med på til stellingane dei har.

D
å er dykk med på å halde liv i bygdene og lokalsamfunna. Samstundes som me Veikingar blir velkom
men attende ein annan gong.

Veeel møøøtt i Veiking i 2017 !! 

Både Stavang og Fanøy har nærbutikk, så bruk dei til proviantering. -  Kjøp mat og drikke på øya.  - Kjøp billett på dansen.

Nokre aktuelle lenkje til stadane me vitjar

Fanøy Stavang
  www.stavang.no

Her kan du (Når den er ferdig) laste ned årets VEIKINGPROGRAM og  PLAKAT. Skriv den då ut og gi det til venner og bekjendte

Veiking Garantien
100% fornøyd eller pengane tilbake.


Også i år ynskjer me at våre konvoideltakare skal være 100% fornøgd?  Skulle me mislukkast i det, kan du søke om å få tilbakebetalt konvoiavgifta. Klagen må komme inn skriftlig frå skipperen på fartøyet, der det må begrunnast kva som gjekk gale.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien
1997 - 2017
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 18.08.16