Florø - Rognaldsvåg - Askrova 
Fredag 24. til Sundag 26. juni 2005
(Veik - Vis - Vilter)

INNBYDING  

Frå Askrova 2003                              Foto: Dag Magne Knapstad

             Vyrde Veiking!     

For 9. år på rad legg vi ut på veikingkonvoi, ein konvoi som for mange har vorte ein obligatorisk og årviss møtestad. Til like med tidlegare år er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er fornøgde med rosande omtale og såpass med pengar at vi ikkje går i minus. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap.

I år dreg vi til Rognaldsvåg og Askrova, i visse om at veikingar og innfødde gjer desse strandhogga til gode og minnerike opplevingar. Sjå kartet

I år som i fjor vil vi tekke fram laurdagen som ein fin dag for heile familien. Folket på Askrova vil syte for eit rikhaldig kulturtilbod for både store og små. Men det heilt store er at vi i får Kongebesøk!!

Hans Eksellense Visekongen av Fusa kjem nemleg på signingsferd, og vil la seg hylle av alle trællar i fjordfylket. Vi ynskjer både han og Charge dè Affairs Fridtjov Urdal velkomne til oss!

Til slutt vil vi minne om at påmeldingsavgifta er uendra, dette grunna kryss-subsidiering med Posten Norge BA. Avgifta, kr. 6,00 pr. båt (= brevporto) betalar du på kaia i vågen. Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!

Veeel møøøtt!!

Hugs å kjøpe T-skjorte og Veiking-kalott!!!

Skriv ut heile programmet i PDF

For dei som ikkje har eigen båt er det mulig å komme seg ut på fyljande måte.
Laurdag:

MS Atløy
Florø - Askrova  kl. 18:00 og
20:30
Askrova - Florø
 kl. 19:00 og 02:30

Fjordglytt:
Florø - Askrova  07:00 og 14:30

Er det mange som ønsker retur om natta kan Fjordglytt bestilles. Men da må det være minst 40 stk. Pris pr. person blir da 100,-

 På begge øyene er det nærbutikker, så vi oppfordrer konvoifolket å bruke dei til proviantering. På denne måten er dykk med på å holde liv i lokalsamfunnet, og dermed med å investere i konvoiens framtid..

Veeel møøøtt i Veiking i 2005 !!  Se heile ruta

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken