Med KARK som medseglar
Hårek sin trufaste trell, Kark, er vald til maskot for Veikingkonvoien 27. til 29. juni. Interessa for vere med den alternative konvoien i Flora har vore formidabel, og det lenge sidan påmeldingslistene er lagt ut. Men konvoien treng pengar frå kommunen 125 kroner for å vere nøyaktig.
Firdaposten: juni  ???  1997: Arne Schei
SJEFEN FOR VEIKINGANE: Vidar Nupen (28) er sjef for Veikingkonvoien. Her har han gått om bord i ein bat som nok ikkje vert med på turen. Firdaposten spurte mannen bak Nupen om han skulle delta, men vart fullstendig neglisjert... (Foto: Arne Schei)
Sjefsveiking Vidar Nupen kan fortelje at han har blitt opp- og nedringt av folk som vil vere med. Frå Sunnmøre i nord til Sogn i sør, og enda til i indre strøk, har eventyrlystne skjergardsseglarar sagt seg interesserte i å vere med.

Sponsorar i fleng
I det førstkomande møtet i Flora formannsskap vil Veikingkonvoien sin søknad om 125 kroner i støtte bli handsama, kanskje den raskaste sakshandsaminga i formannskapet si historie? Etter det Firdaposten kjenner til skal rådmannen ha blitt i fyr og flamme av velvilje overfor søknaden, og det kan faktisk tenkast at kommunen vil yte ei heil krone meir enn Veikingkonvoien har søkt om. Men Nupen sjølv, som er klar over at det ikkje står så bra til med kommuneøkonomien, seier at dei kan slå av på kravet noko dersom 125 kroner skulle bli for mykje for kommunen.
Den støtta vi eventuelt får frå kommunen skal gå til å dekke utgifter til kulturinnslag og kosthald, seier Nupen, på spørsmål om kva dei skal bruke den kommunale støtta til.

Tre dagars moro
Reiseruta er no klar. Konvoien vil gå frå Florø fredag 27. juni. Det første strandhogget vil bli i Stavang, der det vil bli bryggedans om kvelden. Neste dag stemnar konvoien vestover i havet og vonar å nå Batalden neste dag, der skjergardsmoroa vil halde fram med pilkast, marknad og rokonkurranse. Deretter vil det bli dans med reinlendar og masurka på menyen. Dagen etter er det retur til Florø.
Vi er ikkje så veldig ambisiøse. Det er første gong vi arrangerer dette, og vi vil gjerne halde ei nøktern linje det første året.

Og dette er sjølvsagt ikkje noka slags mobbing av Viking-konvoien?
- Sjølvsagt ikkje! Vi ser på Vikingkonvoien som ein kollega, som vi slett ikkje samanliknar oss med.
Veikingkonvoien tar sikte på å engasjere folk som ikkje skulle hatt høve til å dra på tur til Island i fire veker. Vi legg opp til ein konvoi for heile familien, seier Nupen.
I første omgong er konvoien meint for båtar under 30 fot, og påmeldingsavgifta er på 3,70 kr. Men det er fleire med litt større båtar som også har sagt at dei gjerne blir med, og der har konvoileiinga funne ei løysing.
Båtar som er rundt 60 fot, betaler dobbelt avgift. 
og enda større båtar, 120 fot, betalar firedobbelt avgift, og så vidare.

Og flaggskipet?
Det vert truleg Nupen sin eigen båt, ein 21 fots gavl, med ein marsjfart på seks knop, driven av ein fire hestars Marna.
 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

 

 

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken