Florø - Stavang - Svanøy 
Fredag 25. til 27. juni 2004
(Veik - Ven - Varm)

Presseoversikt 2004

Ut i veiking for åttande gong

Neste fredag skal sjefsveikingane Vidar Nupen, Dag Bjerk og Dag Knapstad ut i veiking for åttande gong. Turen går til Stavang og Svanøy, og i år får dei "Atløy" med i flåten.

Av Harald Stavang, Firdaposten 18.06.2004

VEGVISAR: "Atløy" har radar med stor rekkevidde, slik at der god von om å finne vegen og leia på den åttande Veikingkonvoien. Generaladmiralane er som vanleg Dag Knapstad (t.v.), Dag Bjerk og Vidar Nupen  (Foto: Harald Stavang)

– Til liks med tidlegare år er det grendelaga og lokale næringsdrivande som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er fornøgde med rosande omtale og såpass med pengar at vi ikkje går i minus, forkynner dei tre i programheftet.

Påmeldingsavgifta følgjer brevposten og er no komen opp i kr 6,00. Dobbel avgift for båtar over 30 fot. Kajakkar går som B-post.

– Vi set pris på at flåten blir utvida med ein skikkeleg storbåt i veteranklassen, og såg gjerne at også den tomasta "storgavlen" frå 1889 ("Svanhild") kunne bli med på ferda, seier Nupen.

I år er det meir kulturinnslag enn vanleg på desse konvoiane, særleg laurdagen då barnefamiliar og andre vil finne mykje å glede seg over.

Fredagen er det snauaste vegen til Stavang etter samlinga på Florevika, med bryggedans og gjensynsglede og diverse offisiell og eigenkomponert moro.

Laurdag går reveljen fem på åtte. Då skulle dei fleste vere vakne til gratis fellesfrukost på kai i titida.

På Svanøy blir veikingane inviterte med når meisterkokken Terje Ness opnar Svanøy Internasjonale Røykelaksfestival. Deretter er det same invitasjonen når Lidvin Osland opnar Galleri Svanøe, og i tillegg er det omvising på Svanøy Hovedgård. Om ettermiddagen blir det buss til Kvalstad for omvising på hjortesenteret. Seinare er det konkurransar og matshow, før Vidar Nupen opnar Nordsjøløypa med påfølgjande omvising på Marø Havbruk.

Dansen er ved Terje Nyhammar, og vidare ser vi av programmet at kl. 2500 er det at det er song og spel i gavl og kratt – på veikingvis, går vi ut frå.

Søndag kjem den fjerde reveljen med påfølgjande frukost og samling rundt lommeradioen til høgmesse, før heimreisa når det måtte passe utpå dagen.

– Det er som sagt tett program, men så vidt vi forstår har Svanøyfolket eit avslappa forhold til klokkeslett, så eg trur at dei fleste vil kunne få med seg det meste, seier veikingarmada-styret til slutt.

Firdaposten:  Av: Harald Stavang


 

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken