– Eg vil takke alle deltakarane som
gjorde dette til eit flott konvoi og ein
kjempemessig fest!
Konvoien starta fredag, og etter forgassarrens på
Florevika sette over 60 båtar kursen mot
Rognaldsvåg.
– Etter kvart seig det no til med farkostar, og då
vi la til var vi vel nærare 110 båtar.
Redningsskøyta ”RS Platou" var med, og det sette vi
pris på, vi som er litt veike og redde. Det vart ein
kjempekjekk kveld, med mykje moro om bord i båtane.
Det var kjekt å sjå igjen mange kjente fjes frå
tidlegare konvoiar, seier Nupen.
Nybø-band spelte til dans i vågen, og grendalaget
registrerte omkring 400 betalande sjeler.
– Konserten var himla bra! Dei spelte Santana og
annan kanonmusikk så det song etter, og vi fekk
dansa oss lause til alle moglege rytmar og
fotrørsler. Det var stort! seier generalen.
Fanøyvågen
Laurdag dro båtane vidare mot Fanøya, der
grendalaget stilte opp med skjergardsløyer og
grillmat.
– Det var steikande sol og nydeleg vêr, og dei aller
fleste gjekk rundt halvnakne. Vi vart veldig godt
tatt imot, der var aktivitetar for alle slags folk.
Mellom anna basar, pilkasting, bading, kosing og
grilling.
På kvelden spelte Terje Nyhammar opp til dans.
– Her var det faktisk over 400 betalande. Det var òg
mykje folk som var att i båtane, dei hadde det så
kjekt at dei ikkje fekk tid til å gå på land. Eg
trur det var nesten 150 båtar ute. I tillegg kom det
mykje folk med ”Atløy” og skyssbåten, den måtte
faktisk ta ekstratur, seier Nupen.
Reiseradioen
I år kom det deltakarar frå Værlandet, Bulandet,
Førdefjorden, Askvoll og endå til ein båt heilt frå
Bergen, så det er tydeleg at Veikingkonvoien ryktast
utanfor kommunegrensene. NRK P1 sin reiseradio hadde
ytra ønske om å få vere med, men dei hadde ikkje
høve denne helga. Derfor kjem dei til Florø og går
om bord i gavlen til Nupen onsdag.
– Då er det berre å stille inn radioen mellom kl. 9
og 11 på formiddagen. Dei skal lage program om Florø
og om konvoien og litt forskjellig. Eg er redd
Veikingkonvoien tek til å bli litt for kjent, vi lyt
vel kanskje avgrense deltakartalet til neste år.
Kanskje vi skal auke påmeldingsavgifta så det ikkje
blir for mange båtar. Då avgrensar jo talet seg
sjølv.
Konvoien har hatt ein del inntekter også i år, både
på avgifter og på T-skjortesal. Heile 200 T-skjorter
har dei kvitta seg med, og Nupen må til å fylle opp
sylteglaset igjen.
– Og når det vert fullt, så må vi til å finne nokon
å gje pengane til. Eller kjøpe ei gåve av noko slag.
Vi får sjå, seier han.
Linda Regina Bruvik
57 75 73 06
linda.bruvik@firdaposten.no |