|
Florø -
Rota - Fanøy
Fredag 23. til Sundag 25. juni 2006
(Veik - Vital - Vidsynt) |
|
|
|
|
Skuffa over manglande Rotstock-informasjon |
|
FLORØ:Rota-grunneigar Irene Hamre undrar
seg over kvifor arrangørane av jonsokarrangementet på Rota
ikkje tek seg bryet med å varsle tilgrensande grunneigarar,
når dei inviterer «halve» byen på rockefest på øya. |
|
Firdaposten,
8. juni 2006, av Svend Arve Vee |
 |
|
SKEPTISK TIL FEST: Irene
Hamre (lite bilde) likar dårleg at
Rota skal brukast som fest- og festivalområde,
og ho likar endå dårlegare
at grunneigarar som eig tilgrensande
område til festivalområdet,
ikkje blir varsla i det heile. |
Irene
Hamre er dotter av Audun Hamre og busett i Bergen. Ho blei
både overraska og bekymra då ho 1. juni kunne lese i
Firdaposten at Rota igjen blir arena for eit stort
arrangement med svært mykje folk.
– Vi har ikkje høyrt eit einaste ord. Rett nok skjer det
ikkje på våre eigedomar, men vi er fleire grunneigarar som
ligg tett opptil området der festivalen skal
gjennomførast. Dei siste åra har både hus og eigedomar på
Rota blitt utsette for omfattande hærverk. Vi har fått
knust ruter og inventar, og det er fortvilande. Ikkje
minst fordi vi som eigarar sit langt frå Florø og ikkje
har høvet til å følgje med og inspisere eigedomane våre
med tette mellomrom, seier Hamre til Firdaposten
Trygt nok?
Ho strekar under at hovudgrunnen til at ho står fram,
ikkje berre handlar om frykt for eigne verdiar.
– Her skal brukast eld, her blir hundrevis av ungdommar,
og her blir nytt alkohol. Kven har ansvaret for
tryggleiken og kontrollen til eikvar tid? Korleis kan vi
vere trygge på at alt går bra, både med folk, natur og
eigedomar på øya? Eg stiller store spørsmålsteikn ved
dette, i alle fall slik arrangementskomiteen framstilte
Rotstockfestivalen i Firdaposten.
At veikingane har ein sjargong og ein ironisk distanse til
det dei føretek seg, får vere så si sak. Men ting treng
ikkje framstillast som useriøst av den grunn. Det skapar
berre utryggheit, seier Hamre.
Ho undrar seg også over den negative signaleffekten ho
meiner det ligg i å kalle festivalen eit «Kjippen på
sjøen».
Eg er oppvaksen i Florø og veit kva Kjippen representerer.
Det er mykje fyll og lite rammer for kva som er rett og
gale. Tek ein denne kulturen med seg ut på øya, og jamvel
på sjøen, er det fort gjort at ein sit med ein tragedie i
fanget, seier ho.
Vil kontakte politiet
– Ønskjer du aller helst at arrangementet blir avlyst
eller flytta?
– Det var faktisk den første reaksjonen min då eg las om
Rotstock.
Men eg ønskjer i det minste at arrangørane tek kontakt i
forkant og legg på bordet planar som viser korleis
tryggleiken er ivareteken, seier grunneigaren.
Hamre kjem også på eige initiativ til å ta kontakt med
politi og brannvesen i Florø, for å få oversikt over kva
dei har av beredskap kring arrangementet.
– Folk må gjerne besøkje Rota og sjå seg om. Men vi er
sterkt imot at Rota blir ein fristad der ein kan ta seg
til rette. Som utflytt florøværing, og med ein familie som
voks opp på Rota, så føler vi at området blir forringa av
slik bruk. Eg mister litt av stoltheita over å ætte frå
Rota når eg opplever dette, seier Hamre. Ho er ein av sju
partshavarar som rår over eit samla område på 125 mål på
Rota.
svend.arne.vee@firdaposten.no
908 47 465 |
|
– Treng ikkje uroe seg |
Veikinggeneral
og Rotstock-arrangør Vidar Nupen lovar at både
løyve og tryggleik er ivareteke, når
jonsokfeiringa på Rota går av stabelen.
– Vi har henta løyve frå grunneigaren,
Sildefiskernes Eksportlag, og vi har også varsla
og fått tilslutning til å lage festival frå den
einaste direkte tilgrensande eigedomen, som er
eigd av Redningsselskapets leiar, Lars Hellandsjø.
Han og familien vil også få ein invitasjon til
festivalen, seier Nupen til Firdaposten.
Vidar Nupen (bildet) er også sikker på at
tryggleiken er godt ivareteken.
– Bålet blir ute på ein eigen holme, som vanleg.
Festivalområdet blir godt markert og gjerda inn,
og inne på området blir det solid vakthald,
beroligar han.
Det Nupen ikkje kan love, er at folk ikkje tek
rekved i eigne hender og tenner små bål i fjøra.
– Men på ein jonsokaftan vil skje mange stader
rundt Florølandet, uavhengig av om vi har fest
Rota eller ikkje. Faktisk kan det vere ein fordel
om vi samlar mest mogleg folk på ein stad. Då har
betre kontroll med kva som skjer, seier Nupen. |
|
|
|
|
|
|
2007
Florø - Stavang - Rognaldsvåg |
|
|
|
|
2006
Florø - Rota - Fanøy |
|
|
|
|
2005
Florø - Rognaldsvåg - Askrova |
|
|
|
|
2004 Florø - Stavang - Svanøy |
|
|
|
2003 Florø - Rognaldsvåg
- Fanøy |
|
|
|
|
|
2002 Florø - Askrova - Svanøy |
|
|
|
|
|
2001 Florø - Stavang -
Rota |
|
|
|
|
2000 Florø-Rognaldsvåg-Fanøy |
|
|
|
|
1999 Florø
- Stavang -
Svanøy |
|
|
|
|
1998 Florø
- Stavang -
Askrova |
|
|
|
|
1997 Florø
- Stavang -
Fanøy |
|
|
|
|
|
|
|