Veikingkonvoien 2000
Kjære Veiking !

Det er ikkje råd med det, vi lyt i veiking i år og! Enno ser det ut til å vere hugnad kring denne hendinga, ja mange ser på veikingkonvoien som ein usvikeleg tradisjon. Tidlegar år har vi støtt vitja Stavang, men varsel om stygg austa-trekk gjer at vi kursar mot vest allereie fyrste dag. Tenk deg Jonsok-kvelden vest i havet, ”dragspel och bas”, sommarkjolar og dieseldunk! Dette har vi fått til etter knallharde forhandlingar med Almanakkforlaget.

Gjer klar di skute, kano, fregatt, hugs å få med deg:

  • Lutt,  mandolin, dregg, turrfisk, redningsvestar  

  • Litt pengar (dans, mat, drykk, mm.)

  • Veiking t-skjorte (tilsals på Hjørnevikbua, Fanøybua, Ditlef Sunda, m.fl.

  • Båtvit og folkeskikk, sjøkart og dieselfilter

  • Påmeldingsavgifta vert i år på kr. 4,20-. Dette grunna streik og rentehopp. Portoen, ser du, steig nemleg 1. juni.

Avgifta vert samla inn på kaia i Rognaldsvåg.

vert med oss, og dei får store deler av overskotet.     (1/2-parten av dansen på Fanøya!!) Generalen har allereie meldt seg inn i Kystpatruljen til NSSR , Sleping ser du, sleping er gratis for medlemer!!

Bli medlem du ôg! (snikreklame....)

Vel møøøtt!  

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken