Veiking-tokt i nære farvatn.

Det aller meste er ikkje klappa og klart og blir det aldri heller, seier veikinggeneral Vidar Nupen.  Fredag samlar han deltagarbåtane i Veikingkonvoien 2002 på Florøvika, før dei set kursen vestover mot Askrova.
Firda  27.06.02 Av: Knut Magnussen

 
DEI ALLER VEIKASTE: Styret for veikingkonvoien samla i maritimt miljø.  F.v. Konvoigeneral Vidar Nupen, Dag Bjerk og Dag Magne Knapstad

I går hadde styret i Veikingkonvoien, konvoigeneral Vidar Nupen, assisterande Dag Magne Knapstad og fungerande Dag Bjerk, eit siste møte for å førebu konvoien, som i år legg ut på tokt for sjette året på rad.

Det heile starta som ein liten demonstrasjon mot denb litt meir storslagne Vikingkonvoien som gjekk frå Florø til Shetland, Færøyane og Island for nokre år sidan.

Nære farvatn.
Så langt fer ikkje veikingar: Nupen & Co. har nøydd seg med å vitje dei nære farvatn i Flora-skjærgården, og gjort strandhogg på stadar som Rognaldsvåg, Rota, Fanøy og Stavang.
--- Det  er langt nok og eksotisk nok for oss, seier Bjerk.  I år er det Askrova og Svanøy som får veikingbesøk.  På Askrova er det dans og halloi fredag kveld..
--- Så dreg vi til Svanøy laurdag og gjentek heile greia der og ut på søndagen returnerer vi til Florø. Dei som vil til Svanøy men ikkje har fått plass i ein av konvoi båtane, kan også ta "Atløy" frå Florø og tilbake igjen laurdags kveld.

Konvoireglar.
Veikingkonvoien har vist seg å være populær blant båtfolket, og undervegs har eit hundretals båtar brukt å slutte seg til konvoien, leia av flaggskipet til Nupen, ein gamal gavl..
--- Vi vil ha litt stil, ikkje anarki, og derfor har vi nokre få reglar som deltakarane må ta omsyn til, seier styret: Folk må vise alminneleg godt båtvit, og ha med vestar, dregg, tau og fenderar. For det andre må ein vise respekt for konvoistyret, og for det tredje vil vi minne om at konvoien har ei streng ikkjevalds linje.  Vi skal ha det moro, ikkje krangel, slagsmål og anna tyleferd, understrekar styret..
--- Å sitje i styre for veikingkonvoien krev ikkje rare innsatsen, forsikrar Nupen. .
--- Andre gjer arbeidet, vi tek i mot ros for det som går godt og delegerer kjeft for det som går gale. Nokon må ta seg av slikt, og, skyt Bjerk inn..
--- Men alt det praktiske arbeidet, er det bygdelaga som tek seg av, og det håpar vi konvoideltagarane vil vite å setje pris på, seier konvoistyret.

Firda  27.06.02
Knut Magnussen

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken