Veikingkonvoi med høg trivselsfaktor
Stavang: I kveld går den tredje Veikingkonvoien av stabelen frå hamna i Florø. Den populære konvoien har klart å samle deltakarar frå heile Noreg, og opplever også stor pågang frå utlandet.
Firda: 25.juni 1999: Jørn Lien

TIL HELGA: Veiking-konvoien vart første gong arrangert i 1997 og har vore ein suksess kvart år. Anders Haave i arrangørkomiteen håpar på like stor suksess dette året. Konvoien legg fra kaia i Florø fredags-kveld

Etter avgang frå kaia i Florø går ferda inn i vika til Stavang der arrangøren står for sal av mat og drikke. I arrangementskomiteen sit general Vidar Nupen frå Florø, generalsekretær Dag Bjerk og Dag Magne Knapstad frå Florø
, Leidulf Grytten frå Stavang bygdelag og veiking og medarrangør Anders Haave frå Stavang.
Det vert tid til årekapping, grilling og tomannsorkesteret Hendens spelar til dans på kaia seinare på kvelden, seier Anders Haave til Firda og poengterer at det vert auksjon på hans gamle Volvo Amazon der pengane går til ei god sak, ikkje han sjølv.

Overskotet går til vedlikehald av den erveidige veteranbåten M/S Atløy i Florø.
Etter frukost på Stavang-kaia laurdags morgon, tek dei om lag 200 båtane turen til Svanøya der det vert velkomsttale og dans seinare på kvelden. Inn i mellom alt dette vert det sal av mat og
drikke, hesteriding og song og spel i gavl og kratt som det spenstig står i programmet.
Som ein motvekt mot alle dei ukristelege aktivitetane, vert konvoien avslutta med høgmesse på Svanøya søndag føremiddag.
Preika vert ei direkte overføring frå den nasjonale radiokanalen P1, og det er viktig at alle båtane tek med seg radio, humrar Haave og poengterer at dei ikkje stiller med eigen prest.

Motvekt
Veikingkonvoien vart stifta som ei motvekt til Viking-konvoien, som kvart år plar gå til Shetland.
Haave og hans båtvener hadde også lyst til a sjå seg rundt om i verda, og la turen til holmane utanfor Flora-kysten.
Viking-konvoien er turen for dei med rikeleg økonomi og svære båtar. Veiking-konvoien er for oss som har nok med å kome oss frå holme til holme. Vi har problem nok med å få start på båtane, seier Haave.

Frå utlandet
Haave og hans medarrangørarar har klart å samle deltakarar I frå heile Norge. Dei opplever også ein stor pågang i frå utlandet.
Ryktene om arrangementet har gått så langt at folk frå utlandet ringjer til meg i desember for å planleggje ferien sin. Både tyskarar, amerikanarar og til og med folk Chile vert å finne på konvoien, seier Haave.
Konvoien har ikkje ført noko utstrakt marknadsføring for a lokke deltakarar.
Arrangementet har marknadsført seg sjølv. Etter det vellukka arrangementet i 1997 har rykta gått, og folk har høyrt om konvoien frå andre kjente, seier Haave.

Da vi arrangerte den første konvoien i 1997, tenkte vi det skulle vere eit eingongsføretak. Men etter mange forespørringar frå publikum, måtte vi arrangere det same året etter. No står vi føre Det tredje året, og eg lovar at det vert konvoi neste år også, forsikrar Haave.

Spontant
I tillegg til Haave sit tre andre i arrangementskomiteen. Vidar Nupen, Dag Bjerk og Dag Knapstad frå Florø er general, vise general og generalsekretær, medan Leidulf Grytten er representant for Stavang Bygdelag.
For Haave og dei andre i arrangørstaben er det trivselen og humøret som står i høgsetet, difor veljar dei å planleggje minst mogleg.
Vi veit kvar vi startar og kvar vi skal, elles så prøvar vi å vere så spontane som mogleg. Om programmet er for mykje fastlagt kan det verte kjedeleg og fôrutsigbart.
Reveljen ringjer i Flora i kveld klokka seks, då håpar eg alle er innstilte på
at vi skal få ei kjempefin helg, avsluttar Anders Haave.

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Til:  Konvoien 1999
       Innvitasjonen 1999.
       Hovud sida

 

 

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken