Konvoi nr. 5,  2001
Florø - Stavang - Rota

Jonsok med Veiking-konvoi

 

 

FLORØ: Veikingkonvoien koplar seg til stor jonsokfering på Klubben i regi av Saga Fjordbase og Florø MC-klubb. Dermed slepp vi den årvisse uvissa om det blir bål eller ikkje på Rota.
Firdaposten

Med jonsokaftan som fell på ein laurdag, slepp vi òg diskusjonen om bålet skal vere på sjølve jonsokaftan eller ikkje.

Mange frivillige
Saga Fjordbase med Agnar Strømsnes i spiss tek grep over sjølve bålbygginga. Dermed kan Florø-folk allereie no starte å gle seg til at det blir god tradisjonsrik feiring og ikkje like bållaust som i fjor. Med store lager av pallar og anna kassert trevyrke har basefolket stor tilgang på godt byggemateriell.

Fleire frivillige i Florø vil stå bak arrangementet. MC-klubben vil rigge opp til stor bryggedans på det gamle fabrikkområdet på Rota, og klubben er òg i stand til å sikre deltakarane mot regn og anna plage som kan dempe på kosen. Dei vil sette opp eit stort telt over sjølve danseplattingen om veret skulle truge. Her blir det òg rigga til scene og serveringstelt. Kven som skal stå for musikken er enno ikkje klart. "Atløy" vil elles gå i skytteltrafikk mellom Florø og Rota for å frakte folk til arrangementet.

Veiking-dato
Dei som noterte seg datoen for Veikingkonvoien i kulturkalenderen i Firdaposten nyleg, bør merke seg at konvoien startar fredag 22. juni. Dermed får Flora-folket tilbod om to store helgefeiringar like etter einannan i juni. Konvoien går inn i jonsokfeiringa helga etter Kinnaspelet, Sildebordet og Irsk-norsk festival, og ikkje som det stod i kulturkalenderen, opplyser veikingsjef Vidar Nupen som står bak konvoien saman med Dag Bjerk og Dag Knapstad.

Dei held fast på ei relativt anarkistisk og uformell organisering av konvoien, men litt koordinering må til, seier Nupen. Sjølv håpar han å kunne mønstre på med gavlen til Adolf Skorpeide som han over to vintrar har restaurert saman med Magnus Frøyen og Ragnar Kristiansen. Dei får han nok på sjøen til konvoien, men det er meir tvilsamt om dei får rigga han med segl før årets store prøvetur.

Gler seg
– Gler du deg?
– Klart eg gjer det, sjølv om det blir litt kav. Det er starten på båtlivet i år. Det kjekkaste med heile konvoien er å møte att folk som kjem igjen år etter år, svarer Nupen.

Fredag 22. juni legg veikingane ut til Stavang for å prøve ut det nye tilbodet til Anders Haave og Leidulf Grytten. Her blir det bryggedans og litt program. Blir det som andre veikingkonvoiar, kan dei vente seg 120 båtar til Stavang denne helga, utan at det blir noko problem med plassen.

Laurdagen legg veikingane ut frå Stavang for å ankre opp i Rotavågen til jonsokfeiringa på Rota. Her blir det nok endå tettare med båtar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 


Velkommen til mi "Veiking verd" seier Vidar Nupen

Sjå Kart over reiseruta

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken