Veiking-ruta er klar
Konvoimål og dato er fastsett. Etter eit umåteleg press gjennom eit heilt år, har vi endeleg beslutta at det blir konvoi dette året òg. Vi kan love veikingmoro i god, gammal stil, seier konvoigeneral Vidar Nupen.
Firdaposten  2003  Av: Linda Regina Bruvik

VEIKINGANE: Konvoigeneral Vidar Nupen, Generalsekretær Dag Magne Knapstad og Assisterande generalsekretær Dag R. Bjerk holdt pressekonferanse torsdag, der dei la fram reiseruta for årets Veikingskonvoi. (Foto: Linda Regina Bruvik)  (Foto: Linda Regina Bruvik)
Datoen dei har vald er 27. og 28. juni, helga etter at Kinnaspelet, sildebordet og musikkfestivalen har gått av stabelen.

Rognaldsvåg og Fanøy
–Turen går først til Rognaldsvåg på fredag, der vert det tradisjon tru dans og servering. Eg har høyrt rykter om at Nybø-band skal spele der, men eg veit ikkje sikkert. Laurdag går turen vidare til Fanøy, der vil det bli dans på skuleplassen. De blir jobba med å få til ein konsert der, men meir enn det vil eg ikkje seie. Og konvoien kjem sjølvsagt heim att til Florø i tide til høgmessa søndag, lovar Nupen.
–Det er viktig å få med at der er grendalagene som tar seg av arrangementene på land, vi gjer ikkje så mykje, legg han til.
–For når vi har blåst startskotet for konvoien, då har vi fri, glisar Dag Magne Knapstad, som har rykka opp ei rang i år, frå assisterande generalsekretær til generalsekretær.
–Grunnen til at vi valgte akkurat Rognaldsvåg og Fanøy, er at vi tenkte det var tryggast å velge stader konvoien har vore innom før. Då finn vi i alle fall fram, trur Knapstad.
–Vi prøvde å få til noko på Barekstad og Skorpa, men det vart ikkje noko av. Grendalagene der var entusiastiske og ville gjerne, men følte at arrangementet vart vel stort for dei. Dei trur ikkje dei har nok ressursar til at konvoifolka skal få det godt. Men kanskje vi drar dit til neste år, seier general Nupen.

Ingen auke i avgifta
I år er det ingen auke i deltakaravgifta som Veikinggeneralane samlar inn.
–Det er faktisk første året i konvoien si historie at vi ikkje aukar prisane, seier Nupen.
–Ja, avgifta er lik som i fjor, 5 kroner og 50 øre. Vi har faktisk fått inn førehandsbestillingar, nokre betalte deltakaravgift allereie før jul, seier Assisterande generalsekretær Dag Bjerk.
–Og vi har til og med fått telefonar frå Bergensområdet, frå folk som vil vere med og lurar på når vi skal arrangere ny konvoi, legg han til.
–Då har vi gitt dei beskjed om å følge med på nettsida vår, eller på Firdaposten si, smilar Nupen.
–Til slutt må eg berre få lov til å avsanne dei stygge ryktene som verserar om konvoien. Det stemmer ikkje at vi skal døypast om til "Veikingkonvoi 1", seier konvoigeneral Nupen alvorleg.
–Og det er heller ikkje sant at konvoigeneralen har skifte namn til "Nup 1", legg Dag Bjerk til.

Linda Regina Bruvik
57 75 73 06
linda.bruvik@firdaposten.no
 

OPTIMISTJOLLE: Anja Eide Onstad (11) i Florø Seilforening var den første til å prøvesegle Veiking-jolla. (Begge foto: Linda Regina Bruvik)
 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken