Florø - Rognaldsvåg - Askrova 
Fredag 24. til Sundag 26. juni 2005
(Veik - Vis - Vilter)

Stort oppmøte av veikingar
Nitti små og store fritidsbåtar - fylt til lastemerket med grillmat og godt
humør, var med på årets utgåve av Veikingkonvoien frå Florø til Askrova.
Firda: Onsdag 29. juni 2005, av  Kenneth Ø. Monsen

FLÅTE: Ut frå Florø, med Fusakongen som «gallionsfigur» om bord på
«Nipegavlen».. Foto:
Dag Magne Knapstad
 Det var sist helg niande gongen Veikingkonvoien - som starta som eit mottrekk til den mykje omtala Vikingkonvoien, vart arrangert.

- Initiativet den gang var å skipe ein småbåtkonvoi for oss som var litt for veike - eller ikkje hadde høvelege fartøy, til å gje oss i kast med den
store Vikinkonvoien, fortel Dag Magne Knapstad. Han er ein av tre initiativtakarar til båtkortesjen.

50 båtar la fredag ut frå Florøvika, etter ei omgang med reinsing av forgassarar og anna sjøklargjering. Deretter var det snauaste vegen til Rognaldsvåg, der trekkspelmusikk, dans og sosialt samkvem stod på agendaen.
HOPP: På Espeseth gard var det høve for små matrosar til å hoppe i høyet. Her er Oda Bø Sørensen i svevet., medan Anders og Helene gjør seg klar.   Foto: Dag Magne Knapstad

Laurdag var det «langfart» for veikingane, som no hadde auka flåten såpass at ho talde 90 båtar. Kursen vart sett mot Askrova, der grendelaget hadde stelt til med mat, sirkus og anna kulturmønstring i havgapet. Bjørn Jensen
frå Salhusvinskvetten hadde komponert eit eige Veikingshow, før gruppa Non-Stop baud opp til dans og song i gavl og kratt. Kursen heim att vart sett utpå søndag.

- Trass i tidvis varierande vêr, gjekk siglasen i god gammal Veiking-ånd. No er det berre å lade opp til neste års konvoi. Då feirar vi ti år, og legg trulig
opp til Rotstokk-festival på Rota. Mellom anna, konkluderer Knapstad.

MUSIKK: Song og musikk høyrer med. Her trakterer ein av initiativtakarane til Veikingkonvoien, Vidar Nupen, gitaren. Rundt Alv Inge, Kari, Deon, Ole og Vidar i "Nupegavlen" og syng. Foto: Dag Magne Knapstad
 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken