Konvoi Nr. 4 - 2000 
Strandhogg innaskjers i år og.

Veikingkonvoien hadde i år alliert seg med alle gode krefter, og både redningsskøyta "R.S. Platou" og vêrgudane var med konvoien då den stemna ut frå Florevika.
Firdaposten 27.06.00:  Av: Magnhild Hauge


UTSIKT FRÅ R/S "R.S. PLATOU": Ein flott start for Veikingkonvoien ut frå Florø mot Rognaldsvåg.

Med general Vidar Nupen i spissen drog veikingane på sitt fjerde tokt. Minst 50-60 båtar tøffa utover fjorden for å dra på Veikingkonvoi i år, og med rundt rekna fem i kvar båt vart det temmeleg mange barn, unge og vaksne som vart med til fyrste stopp i Rognaldsvåg på sjølvaste jonsokaftan

Varm velkomst i Rognaldsvåg.
I Rognaldsvåg var mest heile bygda, både fastbuande og feriegjester, engasjert i å stelle i stand til den ekstra store jonsokfeiringa i år. På kaia vart det servert grilla laks, medan damene oppe på skulen hadde laga rømmegraut. Ingrid Reksten, formann for bygdelaget Havglimt, var glad for at årets Veikingkonvoi hadde lagt turen til Rognaldsvåg.

– Eg må klype meg i armen for å tru at det er sant, sa Ingrid Reksten. Det var litt av eit syn å sjå alle båtane stemne inn fjorden, utruleg moro! Det er fyrste gongen vi har ei slik tilstelling på kaia her i Rognaldsvåg, vonar det ikkje vert den siste!

Vågen var fylt opp av båtar, ikkje sidan sildefisket har det vore så trongt om plassen i denne fine vågen. Nokre sat i båtane og kosa seg utover natta, prata litt med naboen og tok livet med ro. Andre svinga seg i dansen på skulen. På Veikingkonvoien gjer ein det som passar ein best.

Overskot til redningsskøyta 
General Nupen har einstemmig vedteke at store delar av eit eventuelt overskot i år skal gå til redningsselskapet. Kor mykje det kan dreie seg om, veit ein ikkje i skrivande stund. Skipper Magne Sætren på R/S "R.S. Platou" sa at Redningsselskapet er eit reiarlag for folket, noko ein til fulle fekk prov for i skjergarden utanfor Florø denne helga.

Miss Norway    
PORTO: General Vidar Nupen om bord i "Miss Norway" for å samle inn portotaksten. F.v.  Per Vidar Ottesen, Morten Mortensen, Ole Martin Mortensen og generalen sjølv.

Det er blitt ein tradisjon for Miss Norway å vere med på Veikingkonvoi, ikkje Miss Norway kven som helst, men "Miss Norway" av Florø. På denne skuta vart det servert både sild og kvalkjøt, sistnemnde rett kom med eigen song framførd av Per Vidar Ottesen:

"Vi vandrer med freidig mot,
når vi skal ut og drepe sel 
Vi slår den kontant i hodet

vi flår den og drikker blodet
Det er det beste nordmenn vet,
nest etter hval og kjærlighet!"

Tekst og foto:
Magnhild Hauge (Firdaposten)
tlf:
7 75 73 00  
E-post: magnhild.hauge@firdaposten.no

 

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 


BAKKEMANNSKAP: Utan mat og drikke duger ein veiking ikkje, noko f.v. Asta Mathiassen, Svanhild Reksten og Maria Reksten hadde forstått, og kokt nokre durabelege kjelar med nydeleg rømmegraut.

FULL RULLE: Denne karen, 1 ½ år gamle Viljar, kosa seg stort på Veikingtokt, mykje å sjå og mykje å utforske, men har her tatt seg ein liten pustepause.

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken