Veikingane spanderer Optimist

Veikingfondet har grave djupt i norgesglasset og spanderer ein Optimist på Florø Seilforeining. Båten skal nyttast til opplæringsbåt for dei yngste.
Firdaposten  04.11.02 Av: Harald Stavang

 
INNSAMLING: Veiking-general Vidar Nupen og kompani har hermetisert litt kroner i norgesglass, men no opnar dei opp eit og støttar seglsporten.  Foto  Dag Magne Knapstad

Båten blir levert seinare, komplett med segl og ror og rigg, og er meir solid bygd en ein rein regattabåt. Difor eignar den seg særleg godt til opplæringsbåt.

– Vi køyrer som kjent veldig nøkternt med konvoiane våre, og har mødesamt lagt midlar tilsides opp i eit Norgesglas, fortel veiking-general Vidar Nupen.

– Kva slags midlar?

– Det er påmeldingsavgifter og pengar som er komne inn på andre måtar. No er Norgesglaset heilt fullt, ja, faktisk haugen på. Det er ofte problem å få tak i Norgesglas, og i staden for å leite etter nytt, fann vi ut at vi heller tømer av det gamle til eit godt føremål, seier fortel han, og legg til:

–Litt meir seriøst kan eg vel seie at vi synest Florø Seilforening driv eit framifrå ungdomsarbeid på eit praktisk plan, og det må vere kystkultur så godt som noko. Vi meiner rett og slett at dei fortener eit handslag, og at dette er noko med det likaste vi som båtfolk kan støtte, seier han vidare.

Frode Stavang som er leiar for Florø Seilforening, har fått melding om vedtaket, og ser fram til å ta båten i bruk.

–Vi er svært takknemlege, og vi kan garantere at båten vil bli prioritert dei yngste til opplæring når sesongen startar på ettervinteren, seier han.

Firdaposten  04.11.02
Harald Stavang

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken