Veikingkonvoien treng nesten 700 sponsorkroner
Dei som ikkje er tøffe nok til å reise over Nordsjøen på konvoi har no fått sitt eige alternativ. Veikingkon­voien skal også til øyer vest i havet, men desse øyene heiter Batalden og Askrova. Nupen, som står i spissen for oppleg­get, seier at konvoien treng omlag 700 kroner for å klare utgiftene sine og at han håpar bror­parten av dette kan dek­kast inn av sponsor­pengar.  
Firdaposten: 7. mai. 1997:  Øystein Mikalsen  

— Det klart det er ei del ting vi må ha for a kunne leggje Ut på ein slik konvoi. Vi må mellom anna kjøpe inn eit par boksar maltek­strakt for a tette eventuelle hol i båtane, dessutan er planen å kjøpe 12-15 hysekaker slik at tilskiparane kan ha seg ein skikkeleg gallamiddag, forklarar Nupen (Nupen er døypt Vidar til fornamn, men har aldri likt dette, og vil difor berre kallast Nupen, noko som kystavi­sa sjølvsagt godtek utan akkede­ring).

Frå kommunalbudsjettet
Veikingane kjem til a søke kom­munen om å løyve 125 kroner over kulturbudsjettet, men Nupen vedgår at beløpet er sett så pass høgt av taktiske årsaker.

— Viss kommunen legg seg lågare enn dette må vi kanskje kutte ut fiskekakene, seier han alvorleg. Nupen seier vidare at dei har hatt konstruktive samtalar med Norsk personal, som etter alt på dømme stiller med vikar, om dette skulle vere naudsynt.

--- Kva har du å seie til rykta om at Svømmianna skal vere med?
— Dette kan eg avkrefte med ein gong, det er ikkje råd a få ho klar i tide, dessutan er ho for stor, sidan maks lengda vår er 30 fot.  

Talrikt styre 
Styret for Veikingkonvoien er eit kapittel for seg, bokstaveleg talt. Dei har tre tettskrivne A4-sider med styremedlemer, men Nupen vedgår at ikkje alle har butt spurd. Naturlege Jan Høyvik, som dei håper å få med som medisinsk anstand og Firdaposten sin HJS er begge lykkelige uvitande om at dei figurerer på styrelista, Skorpa sin store son Maivin Toft er heller ikkje informert.  

— I eit så omfattande opplegg er det klart at vi treng mykje møte­verksemd og kontorarbeid for a kome i hamn. Av praktiske årsa­ker har vi bestemt oss for å nytte Kakebua som kontor på laurda­gane mellom 12 og 14. Kven veit kanskje Troviken sponsar oss  nokre lefser som er gått ut på dato?, håpar konvoigeneralen.  

Skal gjennomførast
—Er det berre spit og humor, eller meinar de noko med denne kon­voien?

— Nei det er viktig at du får frem at vi faktisk meiner alvor med dette. Det er klart at det er mykje humor med i bildet, men konvoi skal det bli. Det heile begynte med at eg og Dag Bjerck og eit par andre satt og prata ein kveld og fann ut at vi matte få i stand eit eller anna lokalt båt stunt. Då var det plutselig namnet Veikingkonvoien dukka opp, og etter det har snøba1len berre rulla, seier Nupen.

Det er framleis ein del lause trådar, mellom anna er det ikkje bestemt kva for helg dei legg Ut. Det blir truleg Stavang eller Fanya som skal vitjast alt etter kor det er dans i det aktuelle tids­rommet. Ruta skal gå frå Florø til Stavang og vidare til Batalden.

— Alle konvoiar med respekt for seg sjølv er opptekne av a knytte band til øyene vest i havet, og her er ikkje veikingane noko unntak. Det blir grilling, song og spel og andre tiltak som kan knyte sterke band mellom oss og dei, seier Nupen. Avslutningsvis legg han til at maks farten er sju knop, slik at alle som måtte ønske det, kan få vere med.


Firdaposten 7. mai. 1997:  
Øystein Mikalsen
 

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Tallrikt Styre
NILS GJERDE: Blir brann og havari-ansvarleg.
KRISTIN SKAHAU: Blir kvedar­møy.
HEIDI GRANDE RØYS: Blir ombods­mann, eller sysselmann.

JAN HØYVIK: Veit det ikkje sjølve men er tiltenkt som konvoi lege.

PER ALBERT  KRISTIAN­SEN: Er og blir tannlege.
TRYGGLEIK: Nupen fortel at han vil fokusere på trygging, difor hjelmen

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken