Konvoi nr. 5
Florø - Stavang - Rota 
Fredag 22. til 24. juni 2001
Innbyding

Kjære Veiking !  

Almanakkforlaget har klart det i år ôg; jonsokafta midt opp i Veikingkonvoien. Ja, ja vi får gjere det beste ut av det. Difor legg vi årets konvoi til Rota etter fyrst å ha gjort strandhogg i Stavang. Saga Fjordbase syter for bål på ”Klubben”, Florø MC-klubb for konsert og dans på Rota. medan M/S ”Atløy” gjeng i skytteltrafikk for dei veikaste av oss. I år har vi fått mykje ekstraarbeid, då grendalaget på Rota har vanskar med å stille folk. Gjer difor ditt til at denne jubileumskonvoien vert hyggjeleg og festleg for alle. Då vert det kanskje konvoi til neste år ôg! 

Gjer klar di skute, kano, fregatt, hugs å få med deg:

  • Instrument til ”Rotstock”-jonsokjamen.

  • Lutt,  mandolin, dregg, fendrar, turrfisk, redningsvestar  

  • Litt pengar (dans, mat, drykk, mm.)

  • Veiking t-skjorte (tilsals på Hjørnevikbua, og Anders Haave, samt under konvoien

  • Båtvit og folkeskikk, sjøkart og dieselfilter

  • Påmeldingsavgifta vert i år på kr. 4,50-. 

Avgifta vert samla inn på kaia i Stavang.  

Påmeldingsavgifta vert i år på kr. 4,50-. Dette grunna  at portoen også har stege sidan førre år. Avgifta vert samla inn på kaia i Stavang, og går uavkorta til gode formål (Festmiddag for Generalforsamlinga).

PS! Klok av skade er eg no medlem i Kystpatruljen til NSSR (Redningsselskapet) Sleping ser du, sleping er gratis for medlemer!!

Bli medlem du ôg! (snikreklame....)

Vel møøøtt!  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken