– Vi vert krye, veit du, seier heimesideskrivar Kurt
Rutledal i Bulandet.
– Ja, og no må vi gje enda meir, supplerer kollega Linda
Landøy i Værlandet.På
syltetøyglas
Laurdag var dei to i Florø for formelt å ta imot gåva.
Pengane har allereie komme inn på konto, og gjevarane
overrekte to syltetøyglas med mynt, skruar og diverse anna
rekvisita for å gje pressekorpset i sunnfjordbyane noko å
ta bilete av.
Veikingane stilte med fulltalling generalforsamling;
konvoigeneral Vidar Nupen, generalsekretær Dag Roald Bjerk
og generalinspektør Dag Magne Knapstad.
Veikingane er glade i alle bulendingar og værlendingar.
Først og fremst fordi dei stiller med mange fartøy og
stort mannskap på dei årlege konvoiane, men også fordi dei
lagar ei heimeside som gjer folk glade – også brukarar med
adresse utanfor øyriket lengst vest i Askvoll kommune.
Webkamera på kaia
– Heimesida betyr mykje og gjer Bulandet til ein enda
betre stad å bu, sa Nupen i ei kort, formell grunngjeving
for gåva.
Veikingane samlar ikkje på pengar, men gir i staden av
overskotet til «kulturtiltak for barn og unge i kystnære
strok», noko som tidlegare har komme fleire lag og grupper
på øyane i Flora til del.
Heimesideskrivarane har allereie investert i webkamera som
dei tenkjer å plassere på ferjekaia på Værlandet for å
følgje med på vêret og trafikken.
Legg ut motorlydar
Dei treng også nytt utstyr til lydopptak, for å gje eit
enda betre tilbod på den populære «Heimlengt sida».
Her kan den som vil gå inn og høyre korleis ord og uttrykk
i øydialekta skal uttalast. Linda Landøy har særleg otte
for at den karakteristiske palataliseringa (som i fjellj
og mannj) skal forsvinne.
Her er også eit dialektopprettingskurs, der utflyttarar
kan gå inn og øve før dei kjem heim på ferie, fortel
Landøy.
– Eit anna prosjekt, når vi har fått betre råd, kan vere å
leggje ut lydar frå ulike båtmotorar, kom det fram på
idédugnaden i samband med pressekonferansen i
Hjørnevikshagen
ivar.longvastol@firda.no |