|
Vidar Nupen. Den hardtarbeidande administratoren er tyngd
av stress og han drøymer om at Veikingkonvoien lever sitt
eige liv utan organisering og faste rammer,som ein maritim
Kjippenvariant der folk møtest
til eit fast tidspunkt kvart år, og alle kjenner rituala
og kva som skjer. – Det var aldri meint å bli slik den
har blitt, seier Nupen og tenkjer attende på konvoispøken
som for ti år sidan utvikla seg til årvisst treffpunkt for
småtbåtfolket.
Brått erkjende Nupen at han sjølv faktisk paradoksalt nok
hadde vorte konvoisjef. No vil han at ansvaret skal
attende der det høyrer heime: Om bord i kvar enkelt båt,
før nokon finn på å lage eit motreaksjon på
Veikingkonvoien.
– Vi håpar at konvoien skal leve sitt eige liv. Folk må
ta ansvar både for seg sjølve og for konvoien.
– Kva om andre tok over stafettpinnen, og
vidareutviklar ideane til veikingkonvoien?
Nupen tygg på det. Det skin gjennom at han ikkje heilt
liker tanken.
– Vi får sjå. Vi får sjå. No går vi inn i jubileumsåret
med dette arrangementet, så får vi sjå korleis vi
avsluttar det. Det er kanskje best at vi sjølve
vidareutviklar ideane attende til det opphavlege idealet,
men vi får sjå, seier han.
Jon Holsvik Sørland
977 15 462
jon.sorland@firdaposten.no
|