Florø - Rota - Fanøy
Fredag 23. til Sundag 25. juni 2006
(Veik - Vital - Vidsynt)

Vyrde Veiking!     

I år kastar Veikingkonvoien loss for 10. gong på rad. Kven kunne tru at denne konvoi -"jippoen" skulle bli årviss møtestad for båtfolket.

Då Almanakkforlaget i år klarte å legge jonsokafta midt opp i Veikingkonvoien syntes vi det var litt for gale å freiste å lokke båtane vekk frå den tradisjonelle bålbrenninga på Florøvika. Derfor vart Rota valt som fyste stopp i år. Då Veikingkonvoien samstundes fyller 10 år, kjem ein ikkje utan om "Rotstock" . Rotstock er variert familievenleg jonsok jam med lokale artistar, som vert avslutta med jonsokbål på Klubben og dans med BBO ut i dei små timer.

På laurdagen dreg vi i samla flokk frå Florø til Fanøy, i Batalden,  rett vest av Florø. I år har vi en presedent med i Nupegavlen. Nemleg Presendenten i Redningsselskapet, Lars Hellandsjø, som har hytte på Rota. På Fanøya vil grendalaget syte for eit rikhaldig kulturtilbod for både store og små, med skjærgårdsløye, konsertar, konkuransar og mykje meir. På kvelden blir det dans på skulen med Nybø Band.  

Til like med tidlegare år er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga har vore nøgd med rosande omtale. Men på Rota fekk vi ikkje kontakt med grendalaget. Så her måtte vi gå i kompaniskap med Rockeklubben, MC klubben, Atløys Venner og Lions for å få det heile i hop.

Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at veikingar og innfødde gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode og minnerike opplevingar for alle.

Ver difor gild og stø opp om veiking-ideala:

  • Stø grendelaga i arbeidet deira!
    (kjøp mat og drykk, betal på dansen!)

  • Stø opp om konvoi-leiinga!
    (t-skjortekjøp, skryt, smisk og rosande ord!)

  • Veikingar yppar ikkje til bråk!
    (betre å sovne fram i ronga!)

  • Veikingar viser båtvit!
    (flytevest, < 0,08%,   dregg, fendrar og nye dieselfilter!)

Heller ikkje i år kom me utan om auke i konvoi avgifta. Auka er på 50 øre sidan førre år. Dette grunna Posten  har auka portoen. og den er no komen opp i kr 6,50 pr. båt (= A brevporto <20. gram). Dessverre utgjer dette totalt ei prisauke  på over 75% frå starten for 10 år sia. Kor prisgaloppen ender, tør ein ikkje spå om.

Konvoiavgifta betalar ein på kaia på Rota og Fanøy. Båtar over 30 fot må ut med dobbel avgift, mens kajakkar går som tidlegare år som B-post.

Veeel møøøtt!!

.

For dei som ikkje har eigen båt er det mulig å komme seg ut på fyljande måte
.

På  Fanøya er det nærbutikk, så vi oppfordrer konvoifolket å bruke den til proviantering. På denne måten er dykk med på å holde liv i lokalsamfunnet, og dermed med å investere i konvoiens framtid..

Veeel møøøtt i Veiking i 2006 !!  S heile ruta

 

Sjå kartet for Veikingruta

For meir informasjon om Fanøya se øyas eig heimesid.

 

Veikingkonvoien - 10 år !

Vi ønskjer å premiere trufaste Veikingar som kan stille på årets konvoi med ei komplett samling av alle 10 Veikingskjortene.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken