|
Vyrde Veiking!
Etter 12 konvoier
har me endelig gredd det. Me har fått lov til å vitje kommunens
største øy, ... Hovden.
Fredag 27. juni dreg vi til Bareksta, der
grendalaget vil ta i mot oss på beste måte. Bareksta har
muligens den største og tryggaste hamna Veikingkonvoien har
vitja, der ein kan velge om en vil ligge ved hovedkaia der alt
skjer, eller om ein vil finne litt roligare stad på andre sida.. Programmet
foregår på kaia eller i den store bua. Så her kan ein være
innadørs om det regner og. Sjølvsagt vert det dans, så hugs Brylcreme og Stomatol!
Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! Etter
sortering av fendrar, dreggtau, dieselfilter, formloff og
solbadolje, dukkar vonleg startsveiva fram slik at motoren tek
til å dunke. Då dunkar vi oss sørover til
Fanøy der vi blir
teke i mot med
skjærgårdsløye. Denne laurdagen bør det vere litt av
kvart for ungar og familiefolk å ta seg til
Til like med tidlegare år, er det grendelaga og lokale eldsjeler
som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande
omtale og eit kyss på kinnet. Elles er det sjølvsagt viktig for
oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og
anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at
desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle.
Heller ikkje i år
kom me utan om auke i konvoi avgifta. Dette
grunna me i alle år har fylgd
Posten si prislista
for
A post.(brev<20g).
Auka
er på 50 øre sidan førre år,
og konvoiavgifta er beklagelig vis komen opp i kr 7,-
pr. båt. .
Konvoiavgifta
betalar ein ved landligge på Bareksta eller Fanøy. Båtar over 30 fot må ut med
dobbel avgift, mens
kajakkar går som tidlegare år som B-post.
Veeel møøøtt!!
Hugs å kjøpe Årets T-skjorte og Veiking-kalott!!!
|