Florø - Stavang - Rognaldsvåg
Fredag 22. til Sundag 24. juni 2007
(Veik - Vedvarande - Vasekte )

KJØP AV VEIKINGKONVOIEN

Til Veikingkonvoien si Generalforsamling ved Vidar Nupen.
Det gler meg å høyre at ryktet om Veikingkonvoien sin død er betydeleg overdrevet. Den har gjeve mange positive ringverknader til øyriket og ville blitt ein sårt sakna  sommartradisjon. Men no skal den leve vidare (med eller utan Vidar) og det gledar utkant-idealist-hjartet mitt.
EG BER MED DETTE OM Å FÅ KJØPE VEIKINGKONVOIEN.

Spådomen kom til meg for eitt år sidan.Då hadde eg verken helse
eller vet. No har eg spart opp ein god del og føler meg klar for oppgåva. For to netter sidan kom Vidar til meg i ein draum og sa at han ville lære meg opp til å bli veiking-general for
dei neste ti åra. Eg skulle betale kr. 6,50 og konvoien var min.Så
eg kjem no til å  rete opp gode grunnar til at Veikingkonvoien si generalforsamling skal ta imot tilbodet.

  1. Eg er sømjedyktig og har tenner i rimeleg bra stand.

  2. Har eit tåligt jamt og godt humør.

  3. Gode leiareigenskapar av di eg gjette mykje kyr og saude i
    barndommen.

  4. Talent som stuntpoet og songar.

  5. Vaks opp i ei 23-fots Ise-snekke.(mange gode erfaringar, mykje naglebet og mannjete)

  6. Det er på høg tid at det veike kjønn tek over roret i Veikingkonvoien.Då eg var sju hadde eg ambisjonar om å bli den første kvinnelege paven. No ønskjer eg altså 30 år seinare å bli den første kvinnelege Veiking- general.

Som leiar vil eg ikkje ta konvoien til nye høgder. Eg vil tvert imot
halde den 0-3 m. o. h.  i ekte veik and.

Beste helsing  XXXXXX.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken