Florø - Stavang - Eikefjord
Fredag 25. til Sundag 26. juni 2010
(Veik - Våryr  - Viljesterk )

Veikingkonvoien sinnsforvirra og på ville vegar

Seniorveikingane " i Hela og Mariel er bekymra for Veikingkonvoiens vegval til Eikefjorden. "I Veiking reiser vi med båt, og vi både luktar og lever båt. I Eikefjord driv dei med gamle traktorar, kasting av mjølkespann, hestesko og andre landbruksartiklar"

Epost dialog, 21. mars 2010 til  01. juli 2010

 Det har gjennom alle dei år vi trufast har deltatt vore utsikta til eit trivelig besøk i eit eller anna øysamfunn vest i havet som vi har sett fram til gjennom ein lang og mørk vinter. La gå at Stavang ligg på fastlandet og at heller ikkje Høydalane er spesielt prega av det store havet, men alvorlig talt.... Eikefjorden?  I Veiking reiser vi med båt, og vi både luktar og lever båt. I Eikefjord driv dei med gamle traktorar, kasting av mjølkespann, hestesko og andre landbruksartiklar. Dette er ikkje aktivitetar som passar seg i båt! Den dagen då folk flest set seg i bobilen og dreg i Veiking og båtane ligg igjen i heimehavna truar stygt i horisonten. Dei har tross alt Titanofestivalen og Køntritreff på Vinstra å reise på, og det hadde tatt ser rimelig rart ut at vi veikingane dukka opp der med dei kjære skutene våre.
Denne eine gongen lyt vi vel i avmakt tolerere det som rein sinnsforvirrelse, men .... til neste år... då lyt vi vestover igjen!!!
Vyrdsam helsing frå oss vi "Seniorveikingane " i Hela og Mariel

Eikefjodingane har ikkje fart med heilt reint spel

Vyrde trufaste Veiking.
Det er med full respekt med me les dykkar store uro som me og deler med dykk. Det har og våre djupe kjensle og djupt splitting blant generalane om Eikefjorden var rett mål for konvoien. Me og er redde for framanelementa som bu bila, og rekandes fanta langs landevegen.

Veiking generalen vart utsatt for miger og smyrjing
Men Eikefjodingane har som dei plå, ikkje fart med heilt reint spel og grepe høve til å påverke konvoi leiinga når dei var redusert i anntal, og på det veikaste og nokon meiner mogelig sinnsforvirra????
Allerei under 2090 konvoien på Svanøy,  i solsteiken tidlig på sundag morgon , gjekk Eikefordingane mannsterke med Sørbø i spissen til åtak på ein  solsvidd og forsvarslaus general med sjarm gåver og smørjing. Han blei smurd med solkrem, spekelår og god-ord som ein general er veik for. (Så billete) Og då skjøna dokke resten?? ....... Veikefjorden fekk då sin lovnad.

Til neste år... då lyt vi vestover igjen
Me voner på det sterkaste at ikkje dykkar og vår uro for stadvalet slår inn. og at Eikefjorden kan vise at dei ein gong i tida hadde tønner, buer og pirer og var prisgitt båten.

Me sette pris på at dykkar orsaking på vår sinnsforvirrig, og lover at .... til neste år... då lyt vi vestover igjen!!!

Med Veik Helsing  Dag Knapstad   22.  mars 2010

Konvoien kan kjøpast?
Vi ser med stor otte på kva framtida i verste fall kan bringe med seg! Dersom det kjem ålmenta for øyre at sjølvaste Veikinggeneralen kan kjøpast med slike simple midlar og metodar så ser vi ikkje bort i frå at konvoien til slutt endar på Byrkjelo, eller endå verre: i Førde!
Når ei samanrotting av lokale patriotar frå ei innlandsbygd som Eikjefjorden klarar å få slikt te, så ser vi det som både turvande og aldeles naudsynt å verne om leiaren vår slik at ikkje slike uhorveligheiter gjentek seg. I praksis vil vel det sei at vi sjøl må vere endå rausare med smyrjemidlane enn alle dei andre, men det får heller våge seg.
Det er nok også slik at denne hendinga inspirerar til eit vers eller to ekstra på "Veikingsangen", slik at vi i sømelige former kan få dokumentert ein gong for alle ståstaden vår.

Helsing frå oss veikingar med stor tru på framtida!
Hela & Mariel  23.  mars 2010
Konvoien til Vassenden?
Eg kan ikkje seie anna enn at det gledar meg å sjå dykkar store engasjement for Veikingkonvoien.
Eg kan elles opplyse om at Byrkjelo ikkje er aktuelt grunna fare for stor isgang i Breimsvatnet.
Derimot har eg tenkt litt på Vassenden, men kor i heitaste skal vi kome oss opp Jølstra utan å passere Førde??????

Helsing Nup1   26.  mars 2010
 30. juni 2010 Veikjefjord...ikkje så verst likevel? 
Synspunkta våre om at Veikingkonvoien høyrer heime i meir havnære strøk er urokkelige, men vi må motstrebande berømme Eikefjordingane for arrangementet i helga!
La gå at det lukta høy og slåttonn lang vei, at ikkje mindre enn fleire traktorar viste seg, og at vår næraste nabo var ei campingvogn av den feite sorten,... det var kjekt likevel!
Det held likevel med denne eine gongen! Vi vil heim til havet, der båra dreg seg skumkvit oppetter svaberga og måsen klorar seg fast i stormkasta. Det er der vi Veikingane kjenner roa sige innover oss der vi ofte sit sammenklumpa innunder kalesjene våre og forbannar regnet.
Så: Takk for oss, Eikefjord... det var hyggelig...så lenge det varte!!!
 
Stavang?..... Når både vergudane og meir lokale gudar er imot oss, er det hardt å vere Veiking!!
 
Veik, Vyrdsam  (og litt vantru)  helsing frå
Urveikingane i Hela & Mariel

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2011
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 17.02.11 av  © Linken