Florø - Litle Høydal - Svanøy
Fredag 26. til Sundag 28. juni 2009
(Veik - Vrang - Vidunderlig )

Reiseradioen i Florø: Konvoi for dei veike

Likar du båtlivet, men er ikkje så tøff at du prøvar deg over dei store hav, då er kanskje veikingkonvoien noko for deg. Her treng du ikkje ta dei store utfordringane, her går turen til dei næraste øyane rundt Florøkysten i Sogn og Fjordane.

NRK:  Av: Birte Njøsen Horne / ogJan Henrik MoPublisert 12.01.2009 15:06.

Kvart år går det ein merkeleg konvoi på vestlandet. Denne konvoien er ikkje som andre konvoier, det er ein konvoi for deg som ikkje akkurat er ein viking, difor har konvoien fått namnet "veikingkonvoien". Ein konvoi for dei mindre tøffe.

- Eg trakk meg ut
Det heile starta for ni år sidan. Då var det ein konvoi som skulle til Færøyane, Shetland og Island, den hadde namnet vikingkonvoien. Vidar Nupen som no er veikingkonvoigeneral skulle då vere med på denne turen.

- Eg skulle eigentleg vere med på denne konvoien, men eg syns det verka litt ambisiøst og det verka litt farleg å krysse store havstrekninga, så eg trakk meg ut. Eg bestemte meg då for å lage min eigen konvoi, for oss som ikkje er så tøffe, men heller litt veike. Dette slo jo godt an, for det viste seg at eg ikkje var den einaste som var veik her i byen, fortel Vidar Nupen.

Kva er ein veiking?
- Eg er ikkje var den einaste som er veik her i byen, fortel Vidar Nupen. (Foto: Dag M Knapstad)

- For å definere ein veiking treng vi nok fleire timar, men i korte trekk er det ein person som likar seg på sjøen, men som helst ikkje likar å reise så langt. Kanskje er han litt redd for å krysse store havstrekningar og slikt, ein veiking likar å halde seg nær strandkanten heime.

Fredag 24. juni går konvoien frå Florø på ny tokt, klokka 17.00 byrjar konvoien i Florø i Sogn og Fjordane. I år går turen til Rognaldsvåg på fredagen og Askrova på laurdagen, to idylliske øyer rundt Florøkysten.

- Vi likar ikkje å dra lenger enn at vi ser kyrkjetårnet heime i Florø, seier konvoigeneral Nupen og ler litt uhøgtidleg.

På denne konvoien kan ein oppleve mykje forskjellig. Når konvoien har kome seg fram til øyane er det folkefest med mykje fest og moro. I år kjem blant anna visekongen frå Fusa, Bjørn Jensen frå Salhusvinskvetten skal halde eit "veiking show" for dei frammøtte og det vert og skalldyrfestival laga av meisterkokk Tore Skarstein. Laurdagen vert meir ein familiedag med open gard og veikinglotto.

30 fot = dobbel porto
Det er ikkje så dyrt å vere med på denne konvoien. Det er fordi konvoistyret har bestemt at avgifta skal vere den same som brevporto kostar i Noreg. I år er den på seks kroner pr. båt. Båtar over 30 fot må betale dobbel avgift (12 kroner), det er fordi dei båtane over 30 fot ikkje er så veike, men dei vil likevel vere med dei og.

- Det er tydeleg at dette fengar dei fleste, seier Nupen som sjølv har ein båt på grensa til dobbel porto, 29 fot er båten hans.

Men trøysta er at kanoar og kajakkar går som B-post.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2012
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 04.11.11 av  © Linken