Florø - Fanøy - Askrova
Fredag 24. til Sundag 26. juni 2011
(Veik - Vinnande - Von  )

Veikingkonvoien nominert til fylkeskulturprisen

NOMINERT: Vidar Nupen og resten av gjengen bak Veikingkonvoien er nominert til fylkeskulturprisen. Foto: Jon H. Sørland
I Sogn og Fjordane kan det å sige ein tur med snekka, resultere i kulturpris
Tysdag 29. november vert det klart kven som får fylkeskulturprisen i år. Heile 36 kandidatar er føreslegne til årets fylkeskulturpris. Enkelte har vore foreslått før, andre er nye av året. Felles for alle er at dei har gjort og gjer ein stor innsats for eit mangfaldig kulturliv i fylket.

Eller har dei det? Nyleg gjekk diskusjonen friskt om korvidt gullstrupen frå Sogn, Tone Damli, var verdig ein nominasjon. No vil diskusjonen garantert blusse opp att, etter at den fullstendige kandidatlista blei klar.

Frå Firdaposten sitt nedslagsfelt finst fire nominerte kandidatar. Ein av dei er Frode Klokkernes, som er nominert for sin mangeårige innsats for å dokumentere folkeliv og natur i fylket vårt gjennom fotolinsa. Bremanger Musikklag og Nesholmen leir i Hyen er nominert, og den fjerde nominerte er kanskje meir overraskande: Veikingkonvoien.

Veikingkonvoien kasta loss første gong i 1997, og oppstod som ein noko spøkefull kommentar til Vikingkonvoien, som gjekk frå Florø og over til Shetland. Under kyndig leiing av veikingadmiral Vidar Nupen, har arrangementet balla på seg når det gjeld både innhald, humor og mediemerksemd. Men sjela ligg fast; konvoirutene strekkjer seg sjeldan lenger enn til Askvoll. Med ei deltakaravgift som blir indeksregulert i takt med kostnaden for A-post i Norge, har det blitt eit folkeleg arrangement som alle har råd til - sjølv dei med altfor dyre båtar.

Den 32. fylkeskulturprisen i rekkja blir delt ut på fylkestinget 13. desember, og førstkomande tysdag avgjer hovudutval for kultur kven som får prisen. "Våre" kandidatar kan i år neppe reknast i favorittsjiktet. Det nærmaste ein kjem er nok Bremanger Musikklag, som med sine inkluderande musikalprosjekt har gjeve kulturlivet i bygda store løft og jamvel nådd ut over fylkesgrensene med tiltaket.

Dei nominerte i år er:
Bethan Candice Bredesen, Eid
Stian Sjursen Takle/Stein Aase i NRK Sogn og Fjordane, Lutt-redaksjonen
Gunnar Smaadal, Jølster
Helge Øren, Årdal
Førde Volleyballklubb, Førde
Gerd Brekke, Ortnevik
Kari Kvamme og Claus Kvamme, Fjærland
Olaug Nilsen, Førde (busett i Bergen)
Oddleiv Apneseth, Jølster
Synnøev S. Bjørset, Jølster
Terje Lyngstad, Førde
Steinar Sørli/Yngve Brakstad Leknes, Bygstad
Åmot operagard
Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich, Nordfjordeid
Geir S. Hjetland, Kvamsøy
Magni Jensen, Kvamsøy
Hilde Bjørkum, Førde
Oddvar Torsheim, Førde
Ei ekte eldsjel (ikkje namngjeve framlegg)
Eva & The Heartmaker, Sogndal (busett i Oslo)
Norsk Kvernsteinsenter, Hyllestad
Frode Klokkernes, Florø
Veikingkonvoien, Flora
Arne M. Sølvberg og Asbjørg Hustveit Sølvberg, Blaksæter
Ove Henning Solheim, Førde
Nesholmen leirstad, Hyen
Tone Damli Aaberge, Sogndal (busett i Oslo)
Bremanger musikklag, Bremanger
Håkon Høgemo, Øvre Årdal (busett på Osterøy)
Rune Timberlid, Førde
Petter Eide, Sandane
Gloppebua, Sandane
Førde Trekkspelklubb, Førde
Fredagsdansen, Førde
Jølster Musikklag, Jølster
Oline Løvlid, Hornindal
 
 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2015
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 09.04.15