Florø - Ferøykavlen - Svanøy
Fredag 26. til Sundag 28. juni 2015
(Veik - Vaklande - Villfaren)

Vyrde Veiking!     
I år kastar Veikingkonvoien loss for vistnok 19. gong. Men i år har me som årets slagord seier vert både "Vaklande og Vilfaren". Langt ut i mai hadde me ikkje klart å finne landingsløyve til fredagen? Svanøy takka med ein gong ja til laurdagen, men Fredagen blei vanskelegare. 

Verken Askrova, Fanøy eller Barekstad såg seg dessverre ikke i stand til å ta i mot oss i år. 
Stavang har vi dessverre ikkje turd å spør.,. Men så kom ein gad melding i frå vetle Ferøykavlen. "Me kan prøve å ta fredagen" Dermed så blir det full konvoi også i år.

Fredag 26.juni
Florø - Færøykavlen 

Vi derg ut frå Florøvika, kl 18:00 og sette semnen rett vest mot Stabben, for så å dreie litt sørover mot Færøykavlen, som ligger berre nokre få Nm nord for Gunnhildvågen. Så det blir en kort seilas den fyste kvelden. 

På færøykavlen vil Wencke og Bassen saman med resten av grenda ta i mot oss. Her får en kjøpt mat og drikke, og det blir dans med gruppa Punch. Forhandssalg av billetter til dansen er til salgs hos Solheim Diesel og New1 på Amfi.

Færøykavlen har ikkje så stor hamn, så blir det mykje folk så må en fordele seg på dei forskjellige hammene. Men det er lagt ut ekstra brygger.
I Hamna mot vest er det plass til, omlag 40 båtar. Desse blir liggende like ved scena så her må nok alle løyse billett til dansen.
Hamna mot øst vil ta ca 80 båter av normal størrelse.
Om nokon ønsker å komme med store skøyter el lign er det kjekt om dykk tar kontakt med dei på Færøkavlen på førhand, så får dykk hjelp til plassering. Wenche har telefon 971 27 359. .


Laurdag 27.juni
Færøykavlen - Svanøybukt

Vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! og etter å ha tatt solhøgde og kompass kurs dunkar vi oss vidare til Svanøy der bygdefolket tek vel i mot oss. Her skal vi nyte det late liv; preike med gamle kjende, spele gitar og synge åndelege songar. På kaia er det butikk dusj og WC, straum og vatn til båtfolket og servering av proviant, grillmat og drikke til langt ut på natta.

Svanøy er et eldorado for unge og gamle Veikingar. På leikeplassen og leiren kan ungane få utfalde seg medan far tek seg ein middagslur. En kan vitje Hovud Gården, Hjortresenteret, Svanøe sitt kunstgalleri, riding på Erikstad gard og mykje meir. Ut på kvelden vert det sjølvsagt dans med
Ingvar Hopland og Arne Schei Powerduo. Her vert det garantert stor stemning!

Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Derfor er det viktig for Veikingkonvoiens eksistens at vi dei sit igjen med noko som gjer det fristande å få oss attende. Derfor handlar du på butikken, kjøper mat og deikke, Betal for dansen.

Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på kinnet eller ein annan stad.

Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle.

Avgifta har dessverre også i år stege, den er no på kr. 10,50 pr. båt (= A-prioritet brevporto) betalar du på kaia.
Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-ØKONOMI post!

Hugs å kjøpe T-skjorte !!! Støtt dei veike!!

For Veikingkonvoiens forsatt eksistens er det viktig at verts øyene har noko igjen for alt fantastiske arbeidet dei år etter år bruker for å legge til rette for at vi Veikingar skal ha det bra.

Veiingkonvoien vil oppfordre konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og nærbutikkane på stadane me vitjar har.

Provianten handler du på øya,
kjøp grillmat og drikke .
Kjøpe danse billett .
Vær med på til stellingane dei har.


D
å er dykk med på å halde liv i bygdene og lokalsamfunna. Samstundes som me Veikingar blir velkommen attende ein annan gong.

Veeel møøøtt i Veiking i 2015 !! 

Svanøya har nærbutikk, så bruk dei til proviantering. -  Kjøp mat og drikke på øya.  - Kjøp billett på dansen.

Nokre aktuelle lenkje til stadane me vitjar

Færøykavlen Svanøy
www.kavlenbu.com www.svnoy.no
www.hjortesenteret.no

Her kan du (Når den er ferdig) laste ned årets VEIKINGPROGRAM og  PLAKAT. Skriv den då ut og gi det til venner og bekjendte

100% fornøyd eller pengane tilbake.


Også i år ynskjer me at våre konvoideltakare skal være 100% fornøgd?  Skulle me mislukkast i det, kan du søke om å få tilbakebetalt konvoiavgifta. Klagen må komme inn skriftlig frå skipperen på fartøyet, der det må begrunnast kva som gjekk gale.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien
1997 - 2017
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 18.08.16