Florø - Fanøy - Barekstad
Fredag 27. til Sundag 29. juni 2014
(Veik - Veksande - Viljesterk)

Vyrde Veiking!     

I år kastar Veikingkonvoien loss for vistnok 18. gong. Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Ålfotingar og andre føter gjort at vi rustar oss til landets største båtkonvoi!

Fredag dreg vi ut til idylliske Fanøya i Batalden. Grendalaget stiller med ein vakker våg, rikeleg med flytebrygger, store telt og god stemning på kaiene. Batalden Landhandel har kveldsope. I skulehuset er det duka til dans og fest langt ut i dei små timar. Sjølvsagt blir det servert kulinariske gleder for strupe og mage til langt på natt! Hugs Brylcreme og Stomatol!

Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! På butikken vert det servert frukost, og etter sortering av dieselfilter, mjølkeglas, solkrem og kaviar, dunkar vi oss vidare til Barekstad der bygdefolket tek vel i mot oss. Her skal vi nyte det late liv; preike med gamle kjende, spele gitar og synge åndelege songar. På kaia er det både dusj og WC, straum og vatn til båtfolket og servering av grillmat og drikke. På leikeplassen kan ungane få utfalde seg medan far tek seg ein middagslur. Ut på kvelden vert det sjølvsagt dans til spelukanten Tore Leiren, kjend frå m.a. Steinar Engelbrektson. Her vert det garantert stor stemning!

Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på kinnet eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle. Avgifta, kr. 10,- pr. båt (=brevporto) betalar du på kaia. Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!

Hugs å kjøpe T-skjorte !!! Støtt dei veike!! Veeel møøøtt!!

 

Me i Veikingkonvoien vil oppfordre konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og nærbutikkane på stadane me vitjar har. Kjøpe danse billett og vær med på til stellingane dei har. Då er dykk med på å halde liv i bygdene og lokalsamfunna. Samstundes som me Veikingar blir velkommen attende ein annan gong.

Veeel møøøtt i Veiking i 2014 !! 

Fanøya har nærbutikk, så bruk dei til proviantering.

Nokre aktuelle lenkje til stadane me vitjar

Fanøy Barekstad
www.fanoy.no www.hovden-barekstad.no

Her kan du (Når den er ferdig) laste ned årets VEIKINGPROGRAM og  PLAKAT. Skriv den då ut og gi det til venner og bekjendte

 

 

100% fornøyd eller pengane tilbake.


Me ynskje at våre konvoideltakare skal være 100% fornøgd?  Skulle me mislukkast i det, kan du søke om å få tilbakebetalt konvoiavgifta. Klagen må komme inn skriftlig frå skipperen på frtøyet, der det må begrunner kva som gjekk gale.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien
1997 - 2017
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 18.08.16