|
Vyrde Veiking!
Etter nok et
harpresset frå Florøfolk, Værlendinga, Ålfotingar og andre føter,
kastar Veikingkonvoien loss for17. gong. I år gjer
vi for fyste gong det vågale stunt å segle ut av kommunen.
Fredagen ynskjer Folket på Svanøy Veikingkonvoien velkomen etter
ein krevjande og strevsam seglas heilt nord/vest frå Florø.
Medan vågen vert fylt med båtar er grillmaten klar til
servering. Mellom 2200-0200 kan alle med dansefot svinge seg til
fengjande musikk på kaia. Deit har skjenkeløyve denne kvelden.
Lokale krefter har også avtale med høgare makter om finver og
solskin og reknar med fullt hus og hæla i taket.
Laurdag føremiddag er det tid for etterfylling av proviant av
ymse slag. Svanøy Landhandel ligg på kaia og sel mat og drikke
for både store og små.
Dei som vaknar med skjørbuk eller andre mangelsjukdomar kan i
tillegg kjøpe både grønsaker og andre næringsrike produkt
Etter sortering av dieselfilter, mjølkeglas, solkrem og kaviar,
dunkar vi oss vidare innover Førdefjorden til Kunst og
miljøbygda Vevring. der bygdefolket tek vel i mot oss. Her skal
vi nyte det late liv; preike med gamle kjende, spele gitar og
synge åndelege songar. Elles skulle her vere aktivitetar for
heile familien: nye gjestebrygger er komt opp, Langope på
butikken laurdag og søndag,
Det blir dans, grilling og slikt. Som vanleg er det grendelaga
og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet.
Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på
kinnet eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt viktig for
oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og
anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at
desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle.
Konvoi avgifta betalere ein på kaia, og fyljer som vanleg
Postverkets porto takstar. I skrivande stund er det: , kr. 9,-
pr. båt (= A-brevporto). Båtar over 30 fot betalar dobbel
avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!
Fleire detaljer kjem til undervegs etter som vi nærmer oss.
www.veikingkonvoien.com
Veeel møøøtt!!
Hugs å kjøpe Årets T-skjorte og
Veiking-kalott!!!
|